Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Kantinemedarbeidar

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse).  Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.

 

Kantina ved Måløy vidaregåande skule er ein viktig del av det sosiale livet i skulen.
Det er ein viktig møteplass for elevane der dei kan kjøpe mat, ete, vere sosiale, gjere skulearbeid eller berre slappe av.
Tilsette i kantina og det å jobbe i kantina er difor eit viktig bidrag i skulen sitt miljøarbeid.

Måløy vidaregåande skule har ledig inntil 50% stilling i kantina frå og med 12.
august-24.


Arbeidsoppgåver

Tilberede mat, servering, sal av mat (kasse), i tillegg til andre tilhøyrande oppgåver i kantina som til dømes dagleg reinhald av kjøkkenet.
Ta del  i skulen sitt miljøarbeid.

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med relevant fagbrev, men ikkje eit krav.
Erfaring frå kafe og kantinearbeid er ein fordel.
Interesse for å jobbe med ungdom er viktig for å gå inn i stillinga – erfaring frå arbeid med ungdom er ynskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Godt humør, ansvarleg og med god gjennomføringsevne
  • Sjølvstendig, løysingsorientert og god til å samarbeide
  • Interessert i å jobbe med ungdom - relasjonsorientert

 

Vi tilbyr

Løn i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Anita Olaug Otneim Hoddevik, avdelingsleiar, 99704572

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4808170367
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 12.08.2024
Søknadsfrist: 16.05.2024

MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, - Vestland fylkeskommune


6718 Kinn
Norge
webbsida: maloyvgs.no
publicerad: 2024-05-02
Kantinemedarbeidar
Deltid
start: 2024-08-12
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-16
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se