Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Er du vår nye rekneskapsmedarbeidar?

Vi ønskjer fleire kjekke kollegaer til kontora våre i Ulsteinvik og Ørsta

Rekneskapsbransjen er i stadig endring.
Hos oss er vi opptekne av å vere omstillingsdyktige og arbeide i tråd med det eit moderne næringsliv krev.

På same måte som bandet treng ulike instrument for å låte godt, treng vi i Reknehuset ulike typar av medarbeidarar.
Og som i eit band meiner vi at beste resultatet oppnår vi ved å jobbe saman.
På den måten kan vi levere det beste til kundane våre.

Er du den tilbaketrekte gitaristen eller vokalisten som byr på seg sjølv? I Reknehuset treng vi alle saman.
Hos oss kan du forme og utvikle din eigen arbeidsplass.
Og du kan skifte instrument undervegs.

Fristar ein fleksibel arbeidskvardag saman med dyktige kollegaer og kjekke kundar? Då vil vi høyre frå deg.

Bli med på notane!

Du...

  • likar å tileigne deg ny kunnskap og ser på endring som ei spennande utfordring.
  • er nysgjerrig på digitale trendar og er interessert i å vere med vidare i den teknologiske utviklinga vi opplever i bransjen.
  • ønskjer å bidra til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • har bakgrunn frå økonomi/rekneskap eller har anna relevant erfaring
  • får ansvar for eiga kundeportefølje.
  • er kundeorientert og eit viktig kontaktpunkt for kunden.

Attestar og vitnemål tek du med til intervju.

Reknehuset As


Strandgata 15E
6150 Ørsta
Norge
webbsida: reknehuset.no
publicerad: 2024-05-03
Regnskapsmedarbeider
Heltid
start: Etter avta
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-20
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se