Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Spesialetterforskarar til Økokrims bedragerieining

Bli ein del av politiet og Økokrim sin kamp mot digitale bedrageri! 

Har du skarp analytisk sans, er nysgjerrig på teknologi og ønskjer å tene fellesskapet ved å avdekkje, kjempe mot og førebyggje digitale bedrageri? Då kan du vere den vi leitar etter! 

Digitale bedrageri er ein aukande trussel mot privatpersonar og selskap i Noreg.
I Økokrim er vi dedikert til å kjempe mot denne forma for økonomisk kriminalitet, og vi søkjer derfor etter dyktige medarbeidarar som kan hjelpe oss i denne viktige kampen. 

Ved å bli ein del av den nyoppretta bedragerieininga i Økokrim vil du: 

  • drive med spesialisert etterforsking og bruke nye verktøy og teknikkar  for å etterforske og førebyggje komplekse bedrageri
  • få jobbe i eit dedikert og tverrfagleg team som deler målet ditt om å skape eit tryggare digitalt miljø 
  • vere i kontinuerleg utvikling gjennom å dra nytte av dei interne opplæringsprogramma våre og ved å læra av nokre av dei beste innan feltet 

Dette er ei stilling kor du har moglegheit til å gjere ein forskjell.
Ditt bidrag vil vere viktig i arbeidet med å verne samfunnet mot dei skjulte truslane i den digitale verda.
Vi søkjer deg som er engasjert og har høge krav til korleis arbeidet skal utførast.
Personleg eigne vil bli vektlagt. 

Bedragerieininga skal lokaliserast på Gjøvik, men mellombels arbeidsstad vil vere i Oslo fram til lokalet på Gjøvik er ferdig.
Bedragerieininga er plassert i Avdeling for digital etterforsking og innovasjon. 

Søknader utan attestar og vitnemål vil ikkje bli behandla.


    Arbeidsoppgåver

    Som spesialetterforskar ved bedragerieininga vil du kombinere kunnskapen din med spesialisert opplæring innanfor digital etterforsking for å avdekkje, hindre og respondere på digitale truslar innanfor bedrageri og svindel.
    I samarbeid med politietterforskarar, tekniske ekspertar og juridiske spesialistar vil du jobbe for å sikre at Noreg er rusta til å møte utfordringane frå moderne, digitale kriminelle. 

    Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatta:

    • samle, analysere og sikre digitale bevis og spor
    • innhente og analysere annan nødvendig informasjon til bruk i etterforskinga
    • delta på aksjonar
    • gjennomgå dokument- og databeslag
    • medverke i arbeidet med teknisk førebyggjande tiltak med formål om å redusere truslar
    • samarbeide internt og eksternt, mellom anna ved kontakt med andre politieiningar nasjonalt og internasjonalt og dessutan andre eksterne samarbeidspartnarar og private aktørar

    Kvalifikasjonar

    • 3-5 års relevant universitets-/høgskuleutdanning, gjerne med økonomifag
    • normalt 3-5 års relevant yrkesrøynsle
    • interesse for teknologi, til dømes internett-økosystemet, telefoni, darkweb og kryptovaluta
    • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
    • svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner med evne til å forklare komplekse saker på ein forståeleg måte

    Personlege eigenskapar

    • svært gode analytiske evner
    • oppteke av å utvikla eigen og andre sin kompetanse
    • evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
    • initiativrik og løysingsorientert

    Vi tilbyr

    • moglegheit til å vere med på å byggje opp ei ny eining i politiet
    • eit spennande fagmiljø i utvikling
    • gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
    • medlemskap i Statens pensjonskasse
    • fleksibel arbeidstid
    • trening i arbeidstida
    • moglegheit for heimekontor etter avtale med næraste leiar
    • stillinga vert løna som spesialetterforskar (stillingskode 1552), kr.
      700 000–900 000
    • i tillegg vert spesialetterforskarar i Økokrim mellombels løna med eit tillegg for unntak frå arbeidsmiljølova (for tida kr 40 707 pr.
      år)

    Kontaktinformasjon

    Hanne Hodnungseth, Spesialetterforskar / personalleiar, 481 18 639

    Arbeidssted


     Gjøvik

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Økokrim

    Referansenr.: 4801612774
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 13.05.2024

    Økokrim


    2821 Gjøvik
    Norge
    webbsida: politiet.nojobb
    antal lediga platser: 3
    publicerad: 2024-04-25
    Spesialetterforskar
    Heltid
    Fast
    sista ansökningsdag: 2024-05-13
    erfarenhet:




    Källa: ArbetsAnnonser.se