Vi har ledig fast stilling for snarleg oppstart, som rådgjevar eller juridisk rådgjevar.
Konserninnkjøp har ansvar for anskaffingar av varer og tenester i Ålesund kommune.
Konserninnkjøp har også ansvar for innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre.
I tillegg til gjennomføring av anskaffingar, bistår vi med råd og veiledning innan offentlege anskaffingar internt i Ålesund kommune og eksternt til kommunane og selskapa i innkjøpssamarbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Du vil få ansvar for eiga portefølje av avtalar i Konserninnkjøp, oppgåvene vil mellom anna vere:
- oppfølging av leverandørar og brukarar av avtalane
- prisjusteringar
- prolongeringar
- avviksoppfølging
- sanksjonering
- Vidareutvikle av avtaleoppfølgingsrollen vil være en viktig del av stillinga.
Dette innebærer å være med på å utvikle gode system og rutinar for avtaleoppfølging - Det kan bli aktuelt å gjennomføre anskaffingar iht.
Lov og forskrift om offentlige anskaffelser, men dette er primært ikkje ein del av stillinga - Andre oppgåver innanfor verksemda sitt fagområde kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning, gjerne innan samfunnsfag, rettsvitskap, økonomi eller logistikk, fortrinnsvis på masternivå
- Erfaring frå innkjøpsarbeid og kontraktsoppfølging er ein fordel
- Kjennskap til offentleg sektor er ein fordel
Personlege eigenskapar
I tillegg til kvalifikasjoner og arbeidserfaring vil personleg eignaheit bli vektlagt, her under
- Nøyaktig, strukturert og effektiv
- God talforståing og analytisk
- Evne til å arbeide sjølvstendig og være sjølvgåande, men også samarbeide godt
- Gode kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar og systemforståing
- Resultatorientert og målretta
- Positiv og engasjert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Vi kan i tillegg til eit sterkt fagmiljø med dyktige medarbeidarar tilby utfordrande, sjølvstendige og interessante arbeidsoppgaver i eit fagområde under sterk utvikling.
- Nødvendig opplæring og støtte
- Mulegheit til å opparbeide deg stor kontaktflate
- Triveleg arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
- Konkurransedyktige betingelsar
Kontaktinformasjon
Kariann Bigseth, Innkjøpssjef, kariann.bigseth@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde Organisasjon
Referansenr.: 4803882512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024