Vi søkjer
Brenn du for samfunnsutvikling og berekraftig verdiskaping?
Til Avdeling byggesak og geodata i Sektor Samfunnsutvikling søkjer vi etter planleggar til kommunen sitt plankontor.
Plankontoret har ansvar for:
Arbeidsstaden er for tida Kvinnherad rådhus, Rosendal.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Kontakt, medverknad og samarbeid med lokalt næringsliv, organisasjonar og andre aktørar og myndigheiter for saksbehandling av private og offentlege reguleringsplanar
- Delta i prosessar med utvikling av det kommunale planverket
- Vurdere, rettleie om og sakshandsame reguleringsplanar med fagleg støtte frå kompetente kollegaer
- Utarbeide detaljreguleringsplanar
- Kulturminnefaglege uttaler til arealforvaltninga
- Tett samarbeid og koordinering med andre tenesteområde i kommunen
- Førebuing, gjennomføring og oppfølging av politiske vedtak
- Planlegging, koordinering og gjennomføring av politiske prosessar
- Utgreiingsarbeid og prosjektleiing
- Arbeid med rammeavtalar, avrop, anbodsutlysing og -oppfølging
Kven er du?
Vi er opptekne av dette og håper du kan krysse av på dei fleste punkta:
- Du har god fagleg tyngde og engasjement, og du trivs godt i lag med andre og likar å jobbe i team
- Nysgjerrig og intitativrik
- God kjennskap til plan- og bygningslova med tilknytta lover og forskrifter, og til politiske prosessar
- God på tverrfagleg samarbeid og flink til å finna løysingar i fellesskap med andre
- Gode framstillingsevner, både skriftleg og munnleg
- Det er ønskeleg med praktisk erfaring og god kjennskap til relevante GIS-verktøy
- Forståing for økonomihandtering
- Relevant utdanning frå universitet/høgskule
- Erfaring med planfagleg arbeid, leiing og prosjektstyring
- Evnar å motivera og inspirere kollegaer og samarbeidspartnarar
Eigenskapar og ferdigheiter elles som er ønskt og som blir vurdert ved tilsetting er:
Du er entusiastisk og kontaktskapande, og trivst like godt med å lytta som å formidla.
Du er oppteken av å løfta fram felles resultat, og er fleksibel i val av løysingar.
Andre sine meiningar er viktige for deg, og du legg til rette for at dei skal koma fram.
Kreativitet og samarbeid kjenneteiknar arbeidet ditt, og motivasjonen aukar i motgang.
Du har god kjennskap til FN sine berekraftsmål og har klåre tankar om korleis samfunnet kan gjennomføre det grøne skiftet.
Du er interessert i å utvikla bruken av digitale verktøy, og likar hektiske dagar og korte fristar.
Førarkort og tilgang til privatbil er naudsynt.
Vi tilbyr