Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Lyst å vera med å utvikle Strandvik barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Vi har ledig 100 % vikariat som fagarbeider ved Strandvik barnehage frå 01.08.24

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Strandvik barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon.
Barnehagen treng barnehagelærar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse.
Barnehagen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre.
Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad
Strandvik barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Strandvik som innbyr til leik og undring.
I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk.
Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse.
Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling.
Barnehagen har 7 tilsette og 25 barn fordelt på 2 avdelingar.
Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Ansvarsområder:

  • Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
  • Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
  • Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
  • Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats.
  • Vera brukar – og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform

Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Ikkje faglært kan også bli vurdert.
Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:

  • Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
  • Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
  • Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
  • Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

-   Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
-   Løn etter gjeldande avtalar
-   Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring


Link til søknadsskjema: Søk her

Bjørnafjorden kommune Strandvik barnehage


Rådhuset, Torggata 7
5200 Bjørnafjorden
Norge
publicerad: 2024-04-29
Fagarbeidar ved Strandvik barnehage - Bjørnafjorden kommune
Heltid
Vikariat
sista ansökningsdag: 2024-05-14
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se