Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Prosjektleiar rekkverk

Vil du vere med på å sikre tryggare vegar?

Vik Ørsta er på jakt etter ein motivert og omgjengeleg prosjektleiar som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge. 

Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken.
Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!


Om stillinga

Som prosjektleiar har du eit tett samarbeid med sal, teknisk avdeling og produksjon.
Du blir ein del av et team innanfor Noregs leiande avdeling for veg- og brurekkverk. 

Hovudoppgåver vil vere:

  • Å sørgje for at rett produkt blir levert til rett tid.
  • Bidra til kvalitetssikring av leveranse.
  • Å vere det interne bindeleddet som får prosjektet til å flyte gjennom organisasjonen. 

Kven vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • Har teknisk kompetanse/forståing.
  • Har ein strukturert arbeidsmetodikk.
  • Kommuniserer klart og godt.
  • Har gode haldningar og lyst til å lære.
     

Du må kunne vise forståing for produktregelverk og kontraktshandtering, og gjerne ha kompetanse innanfor CAD-verktøy.

Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss. 


Om søknaden

Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida.
Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf.
75 54 22 20.

Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt gjerne avdelingsleiar Jan Olav Hoggen, tlf.
951 70 854.


Flytte til Ørsta?

Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din.
Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter.
Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar.
Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.

I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling.
Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.

Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?


Stolte av produkta våre spør du?

- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her.
Og det trur eg borna mine også er.

Gode Kjell! Og Katrin.
Og Egil Johan.
Og Leifen.
Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!

75 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet.
Klart det er lov å vere stolt.
Vi går for 75 år til.
Minst!

Video: Nanseth Media


Vik Ørsta


Strandgata 59, 6150 Ørsta
6150 Ørsta
Norge
webbsida: vikorsta.no
publicerad: 2024-05-01
Prosjektleiar rekkverk
Heltid
Fast
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262129
sista ansökningsdag: 2024-05-19
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se