Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Stipendiat i antikkens arkeologi, historie eller religionshistorie

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat i antikkens arkeologi, historie eller religionshistorie

Velkommen som søkjar til stilling som stipendiat i antikkens arkeologi, historie eller religionshistorie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).
Planlagd oppstart er 15.
august 2024 eller etter avtale.
Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Stillinga er knytt til instituttets tverrfaglege forskargruppe «Den antikke verden».
Hovudtema for forskargruppa er «Vegar (ikkje) valde: reisande menneske, gudar, idear, tekster og varer i den antikke verda», som utforskar mobiliteten til individ (menneskelege og guddommelege), varer og tekster, så vel som idear, og rollen bysenter spelte i formidling og distribusjon gjennom omgrepa nettverk og mobilitet.

Kandidaten som vert tilsett vil bli tilbydd ei aktiv rolle i gruppas forskingsfokus gjennom deltaking i seminar og forskingsformidling.
Søkjarar bør gjere seg kjende med føremålet til forskargruppa og kontakta potensielle rettleiarar når dei utviklar prosjekta sine.

Vi ser etter ein kandidat med mastergrad i historie, arkeologi eller religionsvitskap.
Sjølve prosjektet kan vera forankra i metodikkar innan desse tre faga, men ei tverrfagleg tilnærming vil bli føretrekke.
Tidsmessig bør prosjektet ta for seg perioden frå midten av første tusenår f.Kr.
(klassisk periode) til midten av første tusenår e.Kr.
(seinantikken).
Geografisk bør prosjektet vera sentrert rundt Middelhavet og/eller det gamle nære Austen.
Prosjektet bør vidare knytast til forskargruppas overordna tematikk, men tre moglege tema vil bli prioriterte ved vurdering av søkjarane:  

  • Kjønn: Korleis avgrensa, forma eller påverka kjønn spreiinga og mobiliteten til menneske, gudar, gods og idear i den antikke verda?
  • Krise og motstandskraft: Korleis forma møte mellom menneske, samfunn og politikk dei miljømessige, økonomiske, kulturelle og samfunnsmessige omveltingane som regelmessig skjedde i den antikke verda?
  • Autoritet, tekstualitet og forteljingsverder: Korleis formidla, handheva eller utfordra mobile tekster og overførde historier autoriteten til herskar(ar), elitegrupper og/eller overmenneskelege agentar i den antikke verda?

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie, arkeologi eller religionsvitskap.
    Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut.
    Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
      
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling. 

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt.
2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.
Det blir vidare lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga. 


Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.
Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon.
Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program.
Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjend midtvegsevaluering .
Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet.
    Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 532 200.
    Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida.
Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellom, litteraturliste ikkje medrekna).
    Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.  
  • Framdriftsplan for prosjektet.  
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
    Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk.
Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing.
Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Teemu Ryymin, e-post: Teemu.Ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79, eller førsteamanuensis Christian H.
Bull, e-post: Christian.Bull@uib.no, telefon: +47 55 58 31 56.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.
Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Universitetet i Bergen


Christiesgt. 18
5020 Bergen
Norge
epost
webbsida: uib.noom84775ledige-stillinger-ved-uib
epost
publicerad: 2024-03-27
Stipendiat i antikkens arkeologi, historie eller religionshistorie
Heltid
Åremål
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/260765
epost
sista ansökningsdag: 2024-04-22
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se