I Bane Nor har me eitt felles mål - å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover.
Me jobbar for å levera ein sikker og tilgjengeleg jernbane.
Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig - og stadig blir viktigare.
No treng me ein driftsleiar som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre.
Me ser etter ein proaktiv person som trivst i ei leiarrolle, er flink til å byggja relasjonar, og verdset betydninga av eit godt samarbeid.
Er det deg eller nokon du kjenner? Me ser primært etter deg som har erfaring som leiar, og som har forretnings- og økonomiforståing.
Viss du i tillegg har høgare utdanning spesielt innan leiing, vil det vera ein fordel.
Eventuell relevant realkompetanse og erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
Du vil inngå i avdelinga vår på Voss, med ansvar for strekninga Bergen – Finse, samt gamle Vossebanen, Hardangerbana og Flåmsbana.
Du er ein lagspelar som har evna til å leia ei operativ avdeling.
Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan jobba både sjølvstendig og i team.
Du set deg klare mål og blir motivert av å oppnå gode resultat.
Gjennom god kommunikasjon og samarbeid er du medviten rolla di som leiar.
Som driftsleiar er du sentral i rolla for produksjon på Bergensbanen og Flåmsbana.
Du jobbar tett med strekningssjef, andre driftsleiarar og tilstandskontrollørar på strekninga, og tek sjølvstendig styring for leveransen på Bergensbanen.
Du er ein dyktig leiar som vil ha personalansvar for ei leiargruppe og fagleg kompetente tilstandskontrollørar.
Du er målretta, ambisiøs og sørgjer for god gjennomføring i heile verdikjeda, frå budsjettering til levert produksjon.
I Bane NOR Bergen, Arna, Voss og Myrdal får du i underkant av 100 dyktige kollegaer som fordelar seg på 4 stasjoneringsstadar og 4 forskjellige fag.
Desse faga er: Linjen/Signal/Høgspent og Lavspent.
Her finn du god takhøgde og godt arbeidsmiljø.
Her får du sjansen til å vera med å vidareutvikle ei avdeling med høg kompetanse.