Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Driftsleiar


I Bane Nor har me eitt felles mål - å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover.
Me jobbar for å levera ein sikker og tilgjengeleg jernbane.
Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig - og stadig blir viktigare.
No treng me ein driftsleiar som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre 

Me ser etter ein proaktiv person som trivst i ei leiarrolle, er flink til å byggja relasjonar, og verdset betydninga av eit godt samarbeid.
Er det deg eller nokon du kjenner? Me ser primært etter deg som har erfaring som leiar, og som har forretnings- og økonomiforståing.
Viss du i tillegg har høgare utdanning spesielt innan leiing, vil det vera ein fordel.
Eventuell relevant realkompetanse og erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
Du vil inngå i avdelinga vår på Ål, med ansvar for strekninga Finse – Trolldalen. 
Du er ein lagspelar som har evna til å leia ei operativ avdeling.
Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan jobba både sjølvstendig og i team.
Du set deg klare mål og blir motivert av å oppnå gode resultat.
Gjennom god kommunikasjon og samarbeid er du medviten rolla di som leiar.
Som driftsleiar er du sentral i rolla for produksjon på Bergensbanen.
 
Du jobbar tett med strekningssjef, andre driftsleiarar og tilstandskontrollørar på strekninga, og tek sjølvstendig styring for leveransen på Bergensbanen.
Du er ein dyktig leiar som vil ha personalansvar for ei leiargruppe og fagleg kompetente tilstandskontrollørar.
Du er målretta, ambisiøs og sørgjer for god gjennomføring i heile verdikjeda, frå budsjettering til levert produksjon. 
 
I Bane NOR Ål, får du ca 30 dyktige kollegaer som fordelar seg på 4 forskjellige fag.
Desse faga er: Linjen/Signal/Høgspent og Lavspent.
Her finn du god takhøgde og godt arbeidsmiljø.
Her får du sjansen til å vera med å vidareutvikle ei avdeling med høg kompetanse. 
 

Kva kan me tilby deg?


 
Me er ein organisasjon i utvikling.
Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med.
Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette.
Du får arbeidsforhold for tida me lever i - med fleksibel arbeidstid og av det sosiale kan me nemna m.a bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement.
Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og Vy.
Me har også: 
  • Sentrale lokaler på Voss.
  • Høve til å jobba noko heimanfrå. 
  • Gode permisjonsordningar for alle livsfasar.
  • God seniorpolitikk.

 Me verdset balansen mellom arbeidsliv og privatliv, for me trur at du yter best på jobb når du trivst godt privat.
 

Arbeidsoppgåver


 
  • Sikre at trafikksikkerheita blir ivaretatt ved eige personells arbeid i og ved jernbanens infrastruktur.
  • Leiaransvar med personalansvar.
  • Driftsansvar og totalproduksjon på strekninga.
  • Budsjettansvar og økonomioppfølging.
  • Andre oppgåver kan tilleggjast stillinga.

 

Dette trur me du treng for å lykkast og trivast


 
  • Høgare utdanning på bachelornivå (leiar, økonomi eller annan relevant utdanning).
  • Relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet.
  • Leiingserfaring med organisasjonar i endring er ein fordel.

Kjekt å vita


 
Å søkja jobb i Bane NOR skal vera lett.
Du treng derfor ikkje å skriva eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV og svara dine på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det me ønskjer frå deg. 
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro – me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt. 
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke.
Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, respektfull, engasjerte og nytenkjande.
Kva betyr desse verdiane for deg? 
Bane NOR samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
 

Vil du setja spor, håpar me du tek kontakt med oss


  
 

Bane NOR SF


3570 Ål
Norge
publicerad: 2024-05-03
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-27
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se