Administration, ekonomi, juridik
Bygg och anläggning
Chefer och verksamhetsledare
Data/IT
Försäljning, inköp, marknadsföring
Hantverksyrken
Hotell, restaurang, storhushåll
Hälso- och sjukvård
Industriell tillverkning
Installation, drift, underhåll
Kropps- och skönhetsvård
Kultur, media, design
Militärt arbete
Naturbruk
Naturvetenskapligt arbete
Pedagogiskt arbete
Sanering och renhållning
Socialt arbete
Säkerhetsarbete
Tekniskt arbete
Transport
 
< tillbaka
 

Sjukepleiar - Kviteseid omsorgssenter


Kviteseid er ei koseleg bygd med ca 2.500 innbyggjarar.
Me kan tilby fantastiske kontrastar, med bading på somrane, mange moglegheiter
for fjellturar, koselig kafè, økologisk frisør, klesbutikk, mange aktivitetar for born
og unge, fantastiske skimoglegheiter om vinteren og mange hyggelege mennesker.

Kviteseid ligg 2,5 timers kjøyretur til både Oslo og Kristiansand og ligg midt i
Telemark.

Som sjukepleiar får du moglegheit til å utvikle din faglege nysgjerrighet og
kompetanse.
Vi har stort fokus på fagutvikling og har egen fagutviklingssjukepleiar som
arbeider med det.
Vi kan tilby kursing og ynskjer at kvar einskild sjukepleiar skal ha moglegheit til
å utvikle seg innan emner den er interessert i som igjen kan brukast inn i
arbeidet.


Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med til saman 41 plassar fordelt
på tre somatiske avdelingar og ei skjerma avdeling.
Den eine somatiske avdelinga har og korttidsplassar og KAD plass.

Vi treng no fleire tilsette i desse stilllingane:
- Tre 100 % faste stillingar som sjukepleiar – ID 1054.

- To 80 % faste stillingar som sjukepleiar – ID 1055.

- Ei 50, 70 % fast stilling som sjukepleiar på natt – ID 1056.

Me ynskjer tilsetjing så snart som mogleg.
Stillingane er i to-delt turnus med arbeid kvar 3 helg.

Vi tilbyr ein rekrutteringsbonus på kr 75.000,- med bindingstid på 2 år.

Arbeidsoppgåver:
- Direkte pasientretta oppgåver i tråd med gjeldane krav til kvalitet.

- Rettleie, undervise og informere bebuarar, pårørande og kolleger.

- Samarbeid med ulike arbeidsgrupper.

Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.

- Klinisk erfaring.

- God digital kompetanse.

- Må beherske norsk munnleg og skriftleg godt.
  Søkjarar med anna språk enn norsk som morsmål må dokumentere språknivå C1.

Personlege eigenskapar:
- Vere fleksibel, kreativ, strukturert, målretta og ansvarsbevisst.

- Ha gode kommunikasjons – og samarbeidsevne.

- Vere fagleg engasjert.

- Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert.

- Medverke til eit godt arbeidsmiljø.

- Trivast i eit hektisk miljø.

Vi tilbyr:
- Spanande og varierte oppgåver.

- Fagleg og personleg utvikling.

- Kurs innafor relevante tema.

- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.

- Løn etter avtale.

- Rekrutteringsbonus på kr 75.000,- (100 % stilling), kr 60.000,- (80 % stilling)
  som eit eingongsbeløp etter avslutta prøvetid.
  Gjeld eksterne søkjarar.

- Me kan vere behjelpeleg med bustad.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Søk på stillinga her:
https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821

Kontakt:
Einingsleiar: Elise R Foldøy
Tlf: (+47) 35 06 82 25
Mobil: (+47) 91 16 21 09

Velkomen som søkjar!



Källa: ArbetsAnnonser.se

Kviteseid kommune

Kviteseidgata 13
3850 KVITESEID
Norge
webbsida: kviteseid.kommune.no
publicerad: 2020-11-30