Administration, ekonomi, juridik
Bygg och anläggning
Chefer och verksamhetsledare
Data/IT
Försäljning, inköp, marknadsföring
Hantverksyrken
Hotell, restaurang, storhushåll
Hälso- och sjukvård
Industriell tillverkning
Installation, drift, underhåll
Kropps- och skönhetsvård
Kultur, media, design
Militärt arbete
Naturbruk
Naturvetenskapligt arbete
Pedagogiskt arbete
Sanering och renhållning
Socialt arbete
Säkerhetsarbete
Tekniskt arbete
Transport
 
< tillbaka
 

Sjukepleiarstillingar


Hyllestad kommune har ledig to stillingar som sjukepleiar i omsorgstenestene.
Stillingane vil vere fordelt både i heimetenestene og på institusjonen.

Som sjukepleiar i Hyllestad kommune er du med å sikre at brukarane av
omsorgstenestene får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.

Arbeidsoppgåver:
- Utøve sjukepleie til brukarane.
- Ansvar for at brukarane får pleieplanar og at desse vert oppdatert og oppfulgt.
- Delta i legevaktsordning i samarbeid med legavakta i Førde.
- Delta i bakvaktsordning.
- Samarbeid med tilsynslege og legevakt, når ikkje avdelingssjukepleiar er til stades.
- På kveld, helg og natt - ta naudsynte avgjerder for at drifta kan gå til ansvarleg
  tenesteleiar er tilbake (t.d vurdere behov og ev innleige av vikar, kontakte teknisk
  vakt, yte naudsynt helsehjelp)
.
- Medikamenthandtering.
- Ha kontakt med pårørande.

Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gjerne relevant erfaring.
- Gode norskkunnskapar.
- Førarkort for personbil.
- Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding.

Personlege eigenskapar:
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag.
- Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø.
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert.
- Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen.

Vi tilbyr:

- Konkurransedyktig løn.
- Spennande arbeidsoppgåver.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Hjelp til å finne bustad.

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solåstlf
Tlf: (+47) 57789504
Mob: (+47) 90507908

Målfrid Sognnestlf
Tlf: (+47) 57789605

Velkomen som søkjar!

Send søknad:

https://hyllestad.easycruit.com/vacancy/application/send/2492273/141669?iso=nn

Hyllestad kommune:
Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden.
Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil
nordover til Førde.
Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar.
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste.
Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår
forjakt og fiske.
I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege.
Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag,
idrettslag, kulturskule, kor, bogeskyting med meir.

I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?

https://hyllestad.easycruit.com/images/image/141669/Eiklund_-1-.jpg



Källa: ArbetsAnnonser.se

Hyllestad kommune

webbsida: hyllestad.kommune.no
publicerad: 2020-04-03
Arbeidsstad: Omsorgstenestene, Sørbøvåg
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Arbeidstid: Skift/turnus
Heiltid