Administration, ekonomi, juridik
Bygg och anläggning
Chefer och verksamhetsledare
Data/IT
Försäljning, inköp, marknadsföring
Hantverksyrken
Hotell, restaurang, storhushåll
Hälso- och sjukvård
Industriell tillverkning
Installation, drift, underhåll
Kropps- och skönhetsvård
Kultur, media, design
Militärt arbete
Naturbruk
Naturvetenskapligt arbete
Pedagogiskt arbete
Sanering och renhållning
Socialt arbete
Säkerhetsarbete
Tekniskt arbete
Transport
 
< tillbaka
 

Helsefagarbeidar


Hyllestad kommune har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidarar.
Stillinga er knytt til omsorgstenestene, vanleg 3-delt turnus, og vi er i startgropa med
årsturnus.
I første omgang er stillinga knytt til sjukeheimen, men det kan òg vere aktuelt at deler
av stillinga vert lagt til heimetenestene.

Arbeidsoppgåver:
- Sikre at brukarane oppnår best mogleg funksjonsevne, meistring og sosial deltaking.
- Utøve praktisk bistand og omsorg til brukarane, samt oppmuntre til eigeninnsats.
- Medansvar for at brukarane sine pleieplanar er oppdatert og vert oppfulgt.
- Ha kontakt med pårørande.

Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Gjerne relevant erfaring.
- Gode norskkunnskapar.
- Førarkort for personbil.
- Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding.

Personlege eigenskapar:

- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag.
- Ansvarsbevisst og oppteken av relasjonar og samarbeid.
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert.
- Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø.
- Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen.

Vi tilbyr:
- Spennande arbeidsoppgåver.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Hjelp til å finne bustad.

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solåstlf
Tlf: (+47) 57789504
Mob: (+47) 90507908

Målfrid Sognnestlf
Tlf: (+47) 57789605

Sissel Bringelandtlf
Tlf: (+47) 57789604

Velkomen som søkjar!

Send søknad:
https://hyllestad.easycruit.com/vacancy/application/send/2493939/141669?iso=nn

Hyllestad kommune:
Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden.
Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil
nordover til Førde.
Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar.
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste.
Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår for
jakt og fiske.
I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege.
Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag,
idrettslag, kulturskule, kor,bogeskyting med meir.

I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?

https://hyllestad.easycruit.com/images/image/141669/Eiklund_-1-.jpg



Källa: ArbetsAnnonser.se

Hyllestad kommune

webbsida: hyllestad.kommune.no
publicerad: 2020-04-03
Arbeidsstad: Omsorgstenestene, Sørbøvåg
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Arbeidstid: Skift/turnus
Heiltid